Sunnfjordutstilllinga 2021

14.04.2021

Styret i Sunnfjord Hundeklubb ber om hjelp!

Styret i Sunnfjord Hundeklubb håpar at DU kan hjelpe oss, vi treng folk til å hjelpe oss med å arrangere utstillinga som skal være 9. og 10. oktober, vi klarar ikkje å gjere all den jobben som fylgjer med å arrangere denne utstillinga aleine.

Vi håpar verkeleg at det finnest mange som kunne tenke seg å bidra til å få utstillinga i havn i år og, vi treng personar til å hjelpe oss med alt mogleg, og spesielt til å sitje i ein ustillingskomite som får eit noko overordna ansvar i høve planlegginga og gjennomføringa av utstillinga.

Om ikkje vi får fleire til å være med å hjelpe oss med å arrangere utstillinga til klubben, så må styret vurdere om det i det heile teke er mogleg for oss som klubb å arranger utstillingar i framtida.  Det vil seie at klubben gjerne ikkje kan arrangere utstilling i 2022.

Vi ber om at dei som kan tenke seg å være med i ein utstillingskomite, eller bidra på andre måtar i forhold til utstillinga i år og gjerne framover  så ta kontakt med oss på        e-post: hei@sfhk.no 



Mange dråper små gjør en stor Å  

Og om alle bidreg berre litt så får vi dette til!